Yin yoga med Trine Marie
Yin Yoga er ein langsam praksis der me held posisjonar i 2-5 minutter og jobber djupt i kroppen.
Tjenestebeskrivelse
Yin Yoga er ein langsam praksis der me held posisjonar i 2-5 minutter og jobber djupt i kroppen med bindevevet, nervesystemet og det indre sanselivet. Kurset går over åtte veker og vil gi deg eit solid grunnlag for vidare eigenpraksis. Dei første timane kombinerer praksis med teori slik at du får ei grundig forståing av kva som skiljer yin frå andre yogaretningar, kva formålet med praksisen er og korleis å praktisere for størst utbytte. Kvar veke let vi stillheita få meir plass, slik at du gradvis kan lande djupare i deg sjølv. I motsetnad til Restorative Yoga som tilbyr total kvile med hovudfokus på det parasympatetiske nervesystemet, er Yin Yoga aktiv i sin passivitet. Vi jobbar med å balansere det parasympatetiske (rest and digest) og det sympatetiske (fight or flight) nervesystemet. Formålet med dette er å vekke cellene som held vevet sterkt og smidigt og bruke denne spenninga til å trene den parasympatetiske dominansen i nervesystemet - altså kroppens evne til å finne ro, regulere og hente seg inn. Milde dufter og varsame lydlandskap får vere med å støtte praksisen – alt brukt med varsemd, slik at rommet får vere både levande og trygt for deg som er sensitiv. Du vil gå frå kurset med fysisk kursmateriell som du kan bruke vidare i di eiga praksis, men også ei kroppsleg påminning om korleis å lytte når kroppen ønsker å snakke med deg. Trine Marie har 200 timers yogautdanning frå India, 80 timars etterutdanning i yin yoga frå Polen i tillegg til fordjuping i fysisk tilpassing og korreksjon (adjustment and correction). Tryggleik, personlig tilpassing og ein funksjonell, skiftande praksis, der du får vere den du er akkurat no, er hennar lidenskap. Timen varer i 90 minutter - kurset går over 8 ganger Hjertelig velkommen til oss.
Kommende økter
Kontaktinformasjon
Frøken Mandag, Sommerfeldts gate, Gjøvik, Norge
(+47)91700402
hei@frokenmandag.com
